Skodvin Montessoriskule
  • Skulen vår
    • Personvernerklæring
    • Skulen vår
    • Skulerute 2022-23
    • Aktivitetsplan
    • Praktisk Informasjon >
      • Informasjon
      • Skuleskyss
      • Foreldresida >
        • Info frå andre instansar
        • Skolemiljø Udir-3-2017
        • Skulepengar >
          • Uteståande betaling
        • Råd og utval ved skulen >
          • FAU
        • Spesialundervisning
        • Inntaksreglar
        • Oppseiing av elevplass
        • Skjema for nedlasting
      • Skulemjølk
      • Ordensreglement
    • SFO
  • Montessori
    • Kva er ein Montessoriskule?
    • Kven var Maria Montessori?
    • Montessorimaterialet
  • Inspirasjon
  • Inn på tunet
  • Kontakt oss
  • Bli støttemedlem
  • Søk her
    • Bli elev hos oss
    • Innskriving av 1.klasse
    • Ledige stillingar >
      • Ledig årsvikariat 22/23
      • Korleis bli Montessorilærar?
      • Ringevikar
    • Søknad om SFO plass
  • Leksehjelp

Verda er stor og svær
lære om alt frå fjern og nær.
Kvifor er planta grøn? Kvifor blir det tordendrønn.
Kunnskap jo det er bra, men ver ein venn med heile verda.
Pass no på vår vakre jord. Ta vare på liten stor.

Eg kan- jo klare det.
Ja, eg kan, bli kva eg vil.
Her har eg venner som hjelper meg fram. 

Skodvin- ja klart me kan
Ja, Skodvin, bli kva me vil.
​Her er me venner som hjelper deg fram.


Kor ligg skulen og korleis er nærmiljøet?

Skulen ligg i Nordhordland, sentralt plassert om lag 15 minutt frå Knarvik og 15 minutt frå Mongstad. Hundvinsbygda er ei levande bygd med ca 260 bustader. Her er det mange aktive lag og organisasjonar. Bygda har også  nærbutikk,  ungdomshus, bedehus, naturbarnehage og kyrkje.

Sjå også hundvin.no


Skulen starta opp i august 2015 med 65 elevar og med aukande elevtall - Dei to siste åra har
skulen vore fullsatt med venteliste.

Borna har rikeleg med uteareal til å boltra seg på, og ballplass/fotballbane ved skulen. Skulen samarbeider også Træland gard som er godkjent som "Inn på tunet foretak"

Skulen er ein av dei største Montessoriskulane I Norge og får svært gode tilbakemeldingar

20 km nord for skulen finn me oljeraffineriet på Mongstad med tilhørande næringsvirksomhet. På Hundvin er både einebustader og byggjefelt under oppføring. Velkommen til bygda vår !




Picture
Inntaksreglement
Picture
Søke om plass
Picture

Søknadsfrist

1.februar kvart år


Trykk her for å komme til søknadsskjema.

Skuleåret 2021/22:

Elevtal
Skuleåret 2021/22 er det 71 elevar på skulen.
Elevane er delt inn i fire grupper: to grupper for 1-4. årstrinn, og ei gruppe med 5-6 årstrinn, og ei gruppe med 7.klasse. 

Lærarar og assistentar
Det er 8 lærarar ved skulen i tillegg til rektor, samt 7 assistentar, ein kultur/miljøarbeider og ein kontoransatt.
​
Timeplan og utetid
Skodvin Montessoriskule er ein heildagskule med skulestart kl. 08:30 og skuleslutt kl. 14:30 kvar dag for alle årstrinn.
Skuledagen er delt inn i 2 lengre arbeidsøkter, med eit lengre avbrekk for ein halv times lunch og ein time utetid midt på dagen. Det er viktig at alle har med gode utekle (med god merking).  

It´s learning 
Vi brukar its learning som læringsplattform og alle elevar og foreldre har eige passord og brukarnamn. Om du ikkje får det til er det berre å ringe skulen, så hjelper vi deg! 
https://skodvin.itslearning.com/ 

Symjeundervisning
Symjeundervisning vil foregå på Nordhordland Folkehøgskule (Frekhaug) onsdagar fordelt hovudsakleg på 4. og 7.trinn.

Træland gard/Skulehagen
Skodvin Montessoriskule vil fortsette med samarbeid med Træland gard.
Tilbodet vil gjelde 5.-7. årstrinn. Denne gruppa vil bli delt i 4 og så rullerer gruppene på å vere utplassert på Træland gard på torsdagar gjennom året. Her vil elevane få vere med i det daglege arbeidet på ein gard og oppleve mykje spanande. 1.-4.klasse er med i skulehagen kvar veke. 

Bokbuss
Det vert bokbuss torsdagar i partalsveker.

Skulemelk og lunch
Skulen legg til rette for kjøp av skulemelk til den enkelte elev. Dette må dei føresette sjølve bestille på nett.
Drikke til lunch utover eventuell skulemelk vil vere vatn.

Skuleskyss
Det vert søkt om skuleskyss innanfor Lindås kommune til alle elevar som har krav på dette. Har ein krav på skyss grunna særleg farleg skuleveg må ein sende inn søknadskjema til skulen, som skulen videresender til Alver kommune. 
​Du finn skjema i itslearning. 
Elevar med særskilte behov må ha legerklæring i eige skjema, som må leversast til skulen når ein søkjer.
Info finn de her:
https://www.hordaland.no/nn-NO/vegogtransport/skyss/skuleskyss/

Merk at det er skuleskyss til og frå skule, og ikkje skuleskyss til og frå SFO.

 
Leksehjelp: Det vert gitt tilbod om leksehjelp. Ring kontor/rektor på 45060136/94114741 i god tid.
Leksehjelp klokka 07:30-08:00 og 15:00-15:30. 
Vi må få bekjed om kortid eleven vil ha leksehjelp veka før. 
Det kan vere lurt med ei ekstra skive i sekken.  


Vel møtt til Skodvin Montessoriskule!

Helsing  

Monica Thomassen Waage                                                                                                              
Rektor


 
Telefon
Kontoret: 450 60 136
Rektor:    450 60 136
Styreleiar: 957 57 533

Email: 
kontor@skodvinskule.no
rektor@skodvinskule.no
styret@skodvinskule.no

Besøksadresse:
Skodvin Montessoriskule
Skodvinsvegen 1
5956 Hundvin

    Kontakt oss

    Hei. Her kan du skrive inn din henvendelse.
Send
Webdesign: Premiumweb
Powered by Create your own unique website with customizable templates.

Skodvin Montessoriskule
© Premiumweb.no