I dag (30.06.13) reiser Elisabeth Kvalvåg og Hanne Siri Hellan til Oslo for å starte tilleggsutdanning ved Waterpark Montessori.
Sommarkurset er det første av 4 samlingar, og er eit 10 dagars intensivkurs der montessoriaktivitetar og –materiale vert presentert og praktisert.
Elisabeth er lærarstudent og vil gjennomføre montessoriutdanninga parallelt med dei to siste åra på lærarskulen. Elisabeth er busett i Kvalvågen på Hundvin.
Hanne Siri er adjunkt med brei undervisningserfaring. Ho er busett i Hordvik.
Me i styret er utruleg glade for å ha gjort avtale med desse to flotte ressursane, og ynskjer dei lukke til med kurset!
Tusen takk til alle som har støtta oss i arbeidet så langt med oppstart av montessoriskule på Skodvin!
Det er fortsatt bruk for pengar, så til dei som ynskjer å bidra er det absolutt mogeleg å henge seg på.
Med dette ynskjer me alle ein riktig god sommar!
Helsing styret i Skodvin Montessoriskule