Mandag 17.august var det endeleg skulestart for Skodvin Montessoriskule.
66 spente elevar vart teke vel i mot av like forventningsfulle rektor Monica saman med resten av personalet på totalt 14.
Tirsdag ynskte styret velkommen til offisiell opning. Mange hadde teke turen for å vere med i det strålande sommarveret. Ordførar Astrid overrekte blomster og ynskte lukke til. Tidlegare rektor Arne Kvamme kom med blomster frå det avtroppa personalet ved skulen. Han fekk også 6-7. klasse elevane med seg på song. Leiar i Skodvin skulemusikk Kjellaug Seljelid Feste overrekte to ukuleler i oppstartsgåve.
Rektor Monica erklærte så Skodvin Montessoriskule offisielt opna med at alle som var tilstades heldt hender i ein stor ring.
Deretter var det open skule der gjestane fekk sjå seg om inne på den nyoppussa og nyinnreia skulen. Og så var det sjølvagt is, kaker, kaffi og saft som seg hør og bør på ein slik dag.
Styret vil rette ei STOR TAKK til alle som har støtta og bidrege til at Skodvin Montessoriskule vart ein realitet, og ikkje minst at skulen er blitt så flott til oppstart!