![]() Foreldrestøttegruppa arrangerte i dag tur til Kvalvågneset. Det var ein våt opplevelse, men mest av alt veldig kjekt! Vi traff på rompetroll, eremittkreps, kråkeboller og småfisk. Nokre av dei fekk til og med bli med heim :) Ein flott tur, med nydelig sjøutsikt! Turen tok ca to timer,og turleder var Therese Vaktskjold. Takk for turen! ![]() Vil du gjera noko kjekt saman med andre? Vil du verta kjend med dei flotte turområda vi har i bygda? Bli med oss på turdagar i 2014. Turane går i varierande terreng, med ulik lengde.Målet er ikkje å gå lengst – men å delta.Derfor vert turane lagt opp med ein kort løype og ein lang løype og med ei felles matøkt. DEI SOM DELTEK PÅ ALLE TURANE ER MED I TREKNINGA AV NOKRE FLOTTE PREMIAR. Deltakarpris: 100 kr pr familie 30 kr pr. person HUGS KONTANTAR, MAT, DRIKKE OG GODT TURHUMØR Kontigenten går til Skodvin Montessori Vi legg ut på tur følgande datoar: 06.04.2014 kl 12.00 Tur til Klumpen Turleiar: Solveig Laumark Møller Parkering: ved ungdomshuset Turen startar ved ungdomshuset. Vi går vidare til barnehagen og til Klumpen. Frå Klumpen går vi ned igjen til ungdomshuset (over Skaret) Ein litt bratt men spannande tur med fantastisk utsikt på toppen. 21.05.2014 kl.17.30 NB! onsdag Tur i Kvalvågneset Turleiar: Therese Vaktskjold Parkering: på parkeringsplassen i Kvalvågen Ein flott tur i trolske omgjevnader. Lett tur terreng. Her kan du ta med fiskestangen og fiske i straumane. Flott utsikt over Lurefjorden til Lyngheiesenteret på Lygra og mot Lindås Slusene i nord. 31.08.2014 kl 12.00 Tur til Grimstadfjellet Turleiar: Tore Grimstad Parkering: på tunet til Tore og langs vegen Turen startar med å gå på ein litt bratt traktorveg opp på fjellet. På toppen er det eit flott beiteområde med mange klatretre. Ein kan følgja stien vidare over fjellet og kjem ned i svingen ved Brakestad. 05.10.20.14 kl.12.00 Tur til Fjellsbø-Selivarden Turleiar: Tone Wiik Parkering: parkeringsplassen på Fjellsbø. Ved mykje vind og regn kan turen bli endret til Vik-Tveitevatn. Parkering på tunet hjå Tone og Aslak Wiik heilt på enden av vegen inntil Vik. Turen startar på Fjellsbø og går i lett turterreng innover langs fjellryggen. Ved varden er det eigen bok som ein kan skrive namnet sitt i og ein fantastisk utsikt. Bli med du og då vel :) ![]() I sommar var vi 10 dagar på intensive studiar i Oslo. I løpet av desse dagane blei vi presentert for pensum i matematikk (delt inni geometri / algebra og aritmetikk) , musikk og praktiske kvardagsøvingar. Vi har gjort oss kjende med forskjellige typar materiell som vert nytta i matematikk- og musikkundervisninga. Det er mykje materiell, mykje å halde styr på og mykje gøy :) Etter enda «workshop» i sommar har vi laga våre presentasjonspermar, der alle øvingar er forklart og dokumentert. Dette blir arbeidsverktøyet vårt når skulen startar. Første veka i oktober var vi igjen i Oslo på «workshop», denne gangen med eksamen i modul A. Der la vi fram eigeprodusert materiell og presentasjonspermar for vurdering, og vi hadde praktisk eksamen i alle 3 tema. Veka enda med vel gjennomført eksamen! Vi har så langt hatt eit strevsamt, men innhaldsrikt og kjekt kurs. Gjennom vinteren skal vi ta teorien. Vi gleder oss til neste sommar, då tar vi fatt på siste modul. Montessori er kjempegøy, vi gleder oss masse til skulen startar og vi kan jobba med dette kvar dag! Hanne Siri & Elisabeth :) I dag (30.06.13) reiser Elisabeth Kvalvåg og Hanne Siri Hellan til Oslo for å starte tilleggsutdanning ved Waterpark Montessori. Sommarkurset er det første av 4 samlingar, og er eit 10 dagars intensivkurs der montessoriaktivitetar og –materiale vert presentert og praktisert. Elisabeth er lærarstudent og vil gjennomføre montessoriutdanninga parallelt med dei to siste åra på lærarskulen. Elisabeth er busett i Kvalvågen på Hundvin. Hanne Siri er adjunkt med brei undervisningserfaring. Ho er busett i Hordvik. Me i styret er utruleg glade for å ha gjort avtale med desse to flotte ressursane, og ynskjer dei lukke til med kurset! Tusen takk til alle som har støtta oss i arbeidet så langt med oppstart av montessoriskule på Skodvin! Det er fortsatt bruk for pengar, så til dei som ynskjer å bidra er det absolutt mogeleg å henge seg på. Med dette ynskjer me alle ein riktig god sommar! Helsing styret i Skodvin Montessoriskule |
Oppdatering
Arkivet:
February 2017
Skodvin
|