
![]() Foreldrestøttegruppa arrangerte i dag tur til Kvalvågneset. Det var ein våt opplevelse, men mest av alt veldig kjekt! Vi traff på rompetroll, eremittkreps, kråkeboller og småfisk. Nokre av dei fekk til og med bli med heim :) Ein flott tur, med nydelig sjøutsikt! Turen tok ca to timer,og turleder var Therese Vaktskjold. Takk for turen!
0 Comments
![]() Vil du gjera noko kjekt saman med andre? Vil du verta kjend med dei flotte turområda vi har i bygda? Bli med oss på turdagar i 2014. Turane går i varierande terreng, med ulik lengde.Målet er ikkje å gå lengst – men å delta.Derfor vert turane lagt opp med ein kort løype og ein lang løype og med ei felles matøkt. DEI SOM DELTEK PÅ ALLE TURANE ER MED I TREKNINGA AV NOKRE FLOTTE PREMIAR. Deltakarpris: 100 kr pr familie 30 kr pr. person HUGS KONTANTAR, MAT, DRIKKE OG GODT TURHUMØR Kontigenten går til Skodvin Montessori Vi legg ut på tur følgande datoar: 06.04.2014 kl 12.00 Tur til Klumpen Turleiar: Solveig Laumark Møller Parkering: ved ungdomshuset Turen startar ved ungdomshuset. Vi går vidare til barnehagen og til Klumpen. Frå Klumpen går vi ned igjen til ungdomshuset (over Skaret) Ein litt bratt men spannande tur med fantastisk utsikt på toppen. 21.05.2014 kl.17.30 NB! onsdag Tur i Kvalvågneset Turleiar: Therese Vaktskjold Parkering: på parkeringsplassen i Kvalvågen Ein flott tur i trolske omgjevnader. Lett tur terreng. Her kan du ta med fiskestangen og fiske i straumane. Flott utsikt over Lurefjorden til Lyngheiesenteret på Lygra og mot Lindås Slusene i nord. 31.08.2014 kl 12.00 Tur til Grimstadfjellet Turleiar: Tore Grimstad Parkering: på tunet til Tore og langs vegen Turen startar med å gå på ein litt bratt traktorveg opp på fjellet. På toppen er det eit flott beiteområde med mange klatretre. Ein kan følgja stien vidare over fjellet og kjem ned i svingen ved Brakestad. 05.10.20.14 kl.12.00 Tur til Fjellsbø-Selivarden Turleiar: Tone Wiik Parkering: parkeringsplassen på Fjellsbø. Ved mykje vind og regn kan turen bli endret til Vik-Tveitevatn. Parkering på tunet hjå Tone og Aslak Wiik heilt på enden av vegen inntil Vik. Turen startar på Fjellsbø og går i lett turterreng innover langs fjellryggen. Ved varden er det eigen bok som ein kan skrive namnet sitt i og ein fantastisk utsikt. Bli med du og då vel :) Dag 1 av 2 er vel overstått og me kan ikkje sei anna enn at dette er gøy :) TAKK til alle som har gitt lopper og TAKK til alle som kom og kjøpte! ![]() Støttegruppa arrangerer loppemarknad 22. OG 23 MARS. Dei tar imot lopper 15.3 og 16.3. Om du har lopper kan du ta kontakt med Kristine Lunde: kristine.lunde@mykingskule.no |
Oppdatering
Arkivet:
February 2017
Skodvin
|