Innskriving av 1.klasse
Innskriving og førskuledag for komande 1.klassingar
Skodvin Montessoriskule vil ha tilsvarande førebuing til skulestart som den kommunale skulen. Dette for at dei komande førsteklassingane våre skal få ei god og likeverdig oppleving tilsvarande det andre førskuleborn får. I løpet av januar sender vi ut invitasjon til innskriving. Innskriving: Elevane kjem saman med foreldra til skulen, og born og føresette får helse på rektor og lærarar.(februar) Førskuledag: 09.00-13.00 Borna får møte læraren sin og rektor igjen og får eit lite innblikk i kva ein montessoriskuledag er. (mai) Det vert sendt brev til 1.klassingane når det nærmar seg. |