Skodvin Montessoriskule
  • Skulen vår
    • Personvernerklæring
    • Skulen vår
    • Skulerute 2022-23
    • Aktivitetsplan
    • Praktisk Informasjon >
      • Informasjon
      • Skuleskyss
      • Foreldresida >
        • Info frå andre instansar
        • Skolemiljø Udir-3-2017
        • Skulepengar >
          • Uteståande betaling
        • Råd og utval ved skulen >
          • FAU
        • Spesialundervisning
        • Inntaksreglar
        • Oppseiing av elevplass
        • Skjema for nedlasting
      • Skulemjølk
      • Ordensreglement
    • SFO
  • Montessori
    • Kva er ein Montessoriskule?
    • Kven var Maria Montessori?
    • Montessorimaterialet
  • Inspirasjon
  • Inn på tunet
  • Kontakt oss
  • Bli støttemedlem
  • Søk her
    • Bli elev hos oss
    • Innskriving av 1.klasse
    • Ledige stillingar >
      • Ledig årsvikariat 22/23
      • Korleis bli Montessorilærar?
      • Ringevikar
    • Søknad om SFO plass
  • Leksehjelp

Litt om historia

Montessoripedagogikken er ein alternativ pedagogisk metode. Opphavskvinna til denne pedagogikken heiter Maria Montessori (1870-1952), og var Italias første kvinnelige lege. Under sin praksis som lege på eit psykiatrisk sjukehus i 1898, fekk ho særleg interesse for ei gruppe mentalt retarderte born. Ho meinte at desse borna heller trong opplæring enn medisinsk behandling, og fekk tillatelse til å setja i gong eit undervisningsopplegg for dei. Etter to år, viste dette prosjektet forbløffande gode resultater.

I 1907 starta ho eit nytt prosjekt, denne gongen barnehage for 50-60 born, i eit av Romas slumstrøk. No byrja den pedagogiske metoden hennar å ta form. Resultata ho kunne visa til var oppsiktsvekkande. Metoden vart på kort tid kjent over store delar av Europa og USA, og vart stadig meir populær i undervisninga av normaltfungerande born, i alle samfunnslag. På slutten av 1920-tallet var montessoribarnehagar og –skular etablert i fem verdensdelar.

Picture
Maria Montessori
Kvifor vakte denne metoden oppsikt og vart så populær ute i verda?

Montessori satte framfor alt fokus på bornets behov, interesser og utviklingsmoglegheiter, for å kunne gi borna dei aktivitetene dei hadde behov for. Ho var ikkje bunden opp til nokon pedagogisk teori. Ho hadde heller ingen sterke meningar om kva bornet skulle eller burde læra.

Hennar viktigaste utgangspunkt var å sjå, lytta og forstå bornet, og deretter laga aktivitetar som skulle vera eit svar på det ho hadde observert. Barnehagedagene vart utfordrande, spanande og utviklande for desse borna. Utenforståande som besøkte desse barnehagane registrerte også at borna var meir sjølvstendige enn vanleg, og tryggare i sosiale situasjoner.

Telefon
Kontoret: 450 60 136
Rektor:    450 60 136
Styreleiar: 957 57 533

Email: 
kontor@skodvinskule.no
rektor@skodvinskule.no
styret@skodvinskule.no

Besøksadresse:
Skodvin Montessoriskule
Skodvinsvegen 1
5956 Hundvin

    Kontakt oss

    Hei. Her kan du skrive inn din henvendelse.
Send
Webdesign: Premiumweb
Powered by Create your own unique website with customizable templates.

Skodvin Montessoriskule
© Premiumweb.no