Skodvin Montessoriskule
  • Skulen vår
    • Personvernerklæring
    • Skulen vår
    • Skulerute 2022-23
    • Aktivitetsplan
    • Praktisk Informasjon >
      • Informasjon
      • Skuleskyss
      • Foreldresida >
        • Info frå andre instansar
        • Skolemiljø Udir-3-2017
        • Skulepengar >
          • Uteståande betaling
        • Råd og utval ved skulen >
          • FAU
        • Spesialundervisning
        • Inntaksreglar
        • Oppseiing av elevplass
        • Skjema for nedlasting
      • Skulemjølk
      • Ordensreglement
    • SFO
  • Montessori
    • Kva er ein Montessoriskule?
    • Kven var Maria Montessori?
    • Montessorimaterialet
  • Inspirasjon
  • Inn på tunet
  • Kontakt oss
  • Bli støttemedlem
  • Søk her
    • Bli elev hos oss
    • Innskriving av 1.klasse
    • Ledige stillingar >
      • Ledig årsvikariat 22/23
      • Korleis bli Montessorilærar?
      • Ringevikar
    • Søknad om SFO plass
  • Leksehjelp
Me søkjer lærarar skuleåret 2021/22
Ynskjer du å jobba i eit miljø som er tilrettelagt for praktisk læring?
Verdset du eigenutvikling, fridom og meistringskjensle? 
 
Skodvin Montessoriskule vart starta opp hausten 2015. Skulen har elevar frå 1. til 7. trinn.
Miljøet er tilrettelagt for borna med praktisk arbeidsmateriale i barnevenleg høgde.
Etableringa av skulen har gått svært bra og elevtalet er aukande.



SKULEÅRET 2021/22
​Lærarstillingar på Skodvin Montessoriskule

Me treng fleire dyktige lærarar på Skodvin Montessoriskule. Er du ein av dei?
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil vera med å utvikla ein god Montessoriskule, med godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing og relasjonskompetanse står sentralt.
Frå 01.08.21 har me eit tal ledige undervisningsstillingar i varierande storleik på 5.-7.trinn. 
Utlysinga gjeld òg stillingar som måtte verte ledige fram mot skulestart.
Ønskje om stillingsstorleik må opplysast i søknaden.
                                                                                                  

Vikariat med mogelegheit for fast.

Arbeidsoppgåver
Undervisning
Oppfølging av elevar med spesielle behov
Samarbeid med kollegaer og elles det som fell naturleg i forhold til ei lærarstilling


Kvalifikasjonar
Lærarutdanning som dekker kompetansekrava i minst eit av faga norsk, matematikk og engelsk.

Montessoripedagogikk eller vilje til å setje seg inn i/utdanne seg innan montessoripedagogikken.
Me krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.


Personlege eigenskapar
​
Gode pedagogiske evner
Evne til å byggje gode relasjonar med elevar og medarbeidarar
Positiv og utviklingsorientert



Me søkjer deg som er stabil, har god evne til klasseleiing, og som både kan arbeide sjølvstendig og i team. 
Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.
Interne søkjarar med eventuell fortrinnsrett vil verte vurdert først.

For nærare opplysningar om stillingane: kontakt rektor Monica Th. Waage på      
mail: rektor
@skodvinskule.no eller tlf: 92018131
Søknadsfrist: 26.mai 2021


Telefon
Kontoret: 450 60 136
Rektor:    450 60 136
Styreleiar: 957 57 533

Email: 
kontor@skodvinskule.no
rektor@skodvinskule.no
styret@skodvinskule.no

Besøksadresse:
Skodvin Montessoriskule
Skodvinsvegen 1
5956 Hundvin

    Kontakt oss

    Hei. Her kan du skrive inn din henvendelse.
Send
Webdesign: Premiumweb
Powered by Create your own unique website with customizable templates.

Skodvin Montessoriskule
© Premiumweb.no