Skodvin Montessoriskule
  • Skulen vår
    • Personvernerklæring
    • Skulen vår
    • Skulerute 2022-23
    • Aktivitetsplan
    • Praktisk Informasjon >
      • Informasjon
      • Skuleskyss
      • Foreldresida >
        • Info frå andre instansar
        • Skolemiljø Udir-3-2017
        • Skulepengar >
          • Uteståande betaling
        • Råd og utval ved skulen >
          • FAU
        • Spesialundervisning
        • Inntaksreglar
        • Oppseiing av elevplass
        • Skjema for nedlasting
      • Skulemjølk
      • Ordensreglement
    • SFO
  • Montessori
    • Kva er ein Montessoriskule?
    • Kven var Maria Montessori?
    • Montessorimaterialet
  • Inspirasjon
  • Inn på tunet
  • Kontakt oss
  • Bli støttemedlem
  • Søk her
    • Bli elev hos oss
    • Innskriving av 1.klasse
    • Ledige stillingar >
      • Ledig årsvikariat 22/23
      • Korleis bli Montessorilærar?
      • Ringevikar
    • Søknad om SFO plass
  • Leksehjelp

Montessoripedagogikken – 
kva kjenneteikner ein montessoriskule?

Besøkjer du en Montessoriklasse i grunnskulen møter du eit miljø som er tilrettelagt for borna med eit stort utval av arbeidsmateriale på hyller i barnevenleg høgde. Born i ulike alderar som alle arbeider med noko, åleine, to og to eller i gruppe. Ved arbeidsbord eller på golvet etter eige val. Fridomen til å handle sjølvstendig på eige initiativ inneber at borna kan velgje tema og arbeidsmetode i eit fag, og at elevane kan jobbe over ei lengre arbeidsøkt utan å verta avbrotne. Følelsen av å lukkast i noko ein sjølv har valgt gjev arbeidsglede og oppmuntring.


Individuell opplæring
Maria Montessori ser på kvart barn som eit unikt individ. Difor er omgivnadane tilrettelagde for å møta deira interesser og behov ved individuell rettleiing. Grunntanken er at eitkvart born skal få utvikla seg i si eiga takt og veksa etter eigne anlegg. Eleven har fridom til å velgja eigne oppgaver innanfor eit strukturert pensum.

Kva montessoriskulen kan bety for foreldra?
Føresette sitt engasjement er viktig for montessoriskulen. Me trur at eit sterkt felleskap mellom skule og heim er essensielt som eit solid fundament for bornet.

Tilfredshet
Det  å byggja bornet sitt sjølvbilete står sentralt i eit montessorimiljø. Lang erfaring tilseier at metoden bidreg til harmoni, konsentrasjon, sjølvdisiplin, sjølvstende, så vel som kunnskap.


Picture
Heilhet/Tverrfaglig
Skulen er ikkje delt inn i timar eller enkeltfag. Universet er ikkje delt inn i fag, alt som er rundt oss lever i et gjensidig avhengighetsforhold. Montessori meinte at me må presentere borna for denne heilheta. Heilheta inspirerer borna til å studere detaljene som igjen fører til ei større forståing, for heilheta og sammenhengar.
I en Montessoriskule har elevane fridom til sjølv å velja kva dei skal arbeide med. Det er viktig å merke seg at dette er en fridom til å arbeide,ikkje en fridom til om ein skal arbeide. Elevar i montessoriskular har same pensum som andre skular.

Sjølvstende
På ein montessoriskule er sjølvstende det overordna målet for elevane. Elevane har spesielle læremidlar å arbeida med i klasserommet. Læraren er rettleiar, og observerer borna for å kunne hjelpa og stimulera til rett tid. Stimuleringa skal hjelpa borna til sjølv å utvikla sine evner. Elevane kan også rettleia kvarandre.

Læringsmiljøet
Alle læringssituasjonar i montessoriskulen inneheld aktivitet (i motsetning til foredragssituasjonen). Læringsmiljøet er nøye gjennomtenkt og tilrettelagt, innbydande og estetisk. Dette inspirerer til arbeid og er ein forutsetning for utvikling av sjølvstende.

Rettleiast og stimulerast, men forstyrrast ikkje
Læraren fungerer som rettleiar ved å stimulera bornet til å vidareutvikla sine eigne moglegheiter. Læraren må heile tida observera eleven for å få kunnskap om dei for så å hjelpa og stimulera i rett augeblink. Så lenge eleven ikkje treng hjelp, skal han ikkje forstyrrast i sitt arbeide.

Konsentrasjon og avveksling
Skuledagen er ikkje delt opp i korte økter («skuletimar»). I staden kan elevane sjølve ta initiativ til pauser og avveksling. Elevane får arbeide uforstyrra i lange perioder (gjerne 3 timar) og høve til djup konsentrasjon. God konsentrasjonsevne er viktig for både fagleg og sosial utvikling.

Fridom og gjensidig respekt
Elevane får fridom til å handle innanfor klare grenser i eit nøye tilrettelagt miljø. Det vert sett faste grenser mot destruktive og asosiale handlingar: Ingen sin fridom får gå utover nokon annan sin fridom. Fridom til å velga arbeidsoppgaver og rett materiell, kven dei vil samarbeid med eller høve til å jobba uforstyrra i si eiga takt, er nokre av dei viktigaste forutsetningane i montessorimetoden.

Læreplan og livssyn
Montessoriskulen fylgjer "Læreplan for Montessoriskolen", som er i tråd med den offentlege fagplanen "Kunnskapsløftet". Den generelle delen er den same. Montessoriskulen har eit nøytralt livssyn.


Kva tyder montessoriskulen for barnet?
Barnet i sentrum
Montessori-pedagogikken er opptatt av å utvikla og utdanna heile bornet sitt potensiale:

  • fysisk
  • intellektuelt
  • åndeleg
  • sosialt og emosjonelt
  
Picture

Typiske, ofte sjølvsagte, grunnreglar som blir fulgt i dei fleste montessoriklasserom:

Grunnreglane beskytter rettighetane og friheita for kvert individuelle barn og for gruppa som heilhet.* Reglane fremjer “skulevenleg oppførsel” og verdier som inkluderer, egenkontroll av impulser, omtanke for andre, og ei oppleving av ansvar både for seg sjølv og for at gruppa skal ha det bra. Reglane kan bidra til å gjere skuledagen lettare, få dagane til å fungere betre, læra barna å være mer sjølvstendige, og bidrar til å utvikle ansvarsfølelse. Antallet grunnreglar vert ofte begrensa til eit minimum, vert framlagt på ein positivmåte der trygghet, respekt for andre og miljøet blir vektlagt, og gevinsten av å følge reglene tilfaller alle i gruppa.

Picture
Picture

    • Barnet velger arbeidsmaterialet det vil bruke fra ei hylle og tar det med til ein passande arbeidsstad på eit bord, på golvet eller ein anna tilpassa stad.
    • Barnet kan bruke materialet så lenge det vil, så lenge det behandler det med respekt.
    • Etter at materialet er brukt, skal barnet legge det tilbake på den rette plassen i hylla, i samme stand som når det vart henta, slik at det er klart til bruk for nestemann.
    • Barnet skal sjølv ordne opp i miljøet, rydde opp søl og rot, legge puter på plass, setje å plass stoler osv. etter kver aktivitet.
    • Barnet har lov til å arbeide aleine, ingen skal tvingast til å dele materialer med andre når dei først har valgt det dei vil arbeida med.
    • Barnet har rett til å velge å ikkje halde å med materialer eller aktiviteter.
    • Barn fra tre årskull i eit klasserom, eldre barn hjelper dei yngre, gjer følelse av samhold, byggjer opp sjølvaktelsen.
    • Sjølvkorrigerande materialer i klasserommet, barna lærer gjennom sine egne feil å ta dei riktige valga, i staden for at læraren må påpeike dette overfor barna.
    • Individuell læring foregår innanfor miljøet, montessori anerkjenner at barn lærer i ulikt tempo og lar denne veksten skje.
    • Barna er rolige ut ifra eige ynskje om å visa respekt for dei andre i miljøet, montessori klasserommet lar barn trekkje seg inn i sin “indre ro” som er ein naturlig del av deira personlighet.
    • Det vert lagt vekt på praktisk læring heller enn abstrakt læring, barn har behov for å erfara konsept i konkrete “ta på med hendene” -måter.
    • Det er eit miljø som set barnet i sentrum. Alle materiala er lett tilgjengelige for barna, plassert på hyller tilpassa deira høgde. Møbla er tilpassa slik at barn kan sitja behagelig og utsmykning og bilete er plassert i barnas synshøyde.
    • Barn arbeider ut fra gleda ved å arbeida og opplevinga av oppdaging – barn er naturlige ledarar eller “svamper” og fryder seg over å læra nye oppgaver. Deira interesse ligg heller i sjølve arbeidet enn i sluttproduktet.
    • Miljøet gjer ein naturlig sans for disiplin, “grunnreglane” eller forventningane retta mot barnet er klart uttrykt og blir håndheva både av barna og lærarane.
    • Miljøet er tilrettelagt for barna, alt i rommet har ein fast plass på ei hylle. Barn har ein naturlig ordenssans. Det at romma er tilrettelagt på denne måten, tillet barnet å veksa på ein positiv måte.
    • Læraren har ei lite påtrengande rolle i klasserommet, elevane vert ikkje motivert gjennom læraren, men gjennom trangen til sjølvutvikling.

Andre felles grunnregler blir laga for å sikre trygg bruk av spesielt materiell, når ei gruppe er på utflukt eller når ein oppheldt seg på områder under tilsyn.


Bruk av læremateriell
Den viktigaste måten barna blir introdusert til materialet i klasserommet på, er gjennom ein nøye presentasjon. Ein presentasjon vert gjennomført av læraren ved at han eller ho rolig og nøyaktig bruker materialet på den tiltenkte måten, mens ein elev eller ei gruppe av elever observerer. Unødvendige ord og bevegelser skal unngås under ein demonstrasjon. Aktiviteten blir delt opp i trinn for å øka forståelsen, slik at det er størst mulig sjanse for at elevene skal lykkast når dei sjølve skal bruka materialet. Eit spesielt interessant moment kan godt trekkast fram for å tiltrekka barnet til materialet.
Iblant kan det vera riktig og ønskelig fra lærarens side å instruere ein elev direkte. Dette vil vanligvis skje i enkelttilfeller etter at gjentatte konsentrerte arbeidsøkter med materialet har blitt observert. Læraren kan då på nytt presentera øvelsen for å vise variasjoner eller påbygninger, eller for å hjelpe eleven med å læra begrepa som brukast.

Klasserommet i barneskulen
Fantasien og abstraksjonen vekkjast hos barneskuleeleven gjennom ei integrering av forskjellige kunstformar, vitenskapar, geografi, historie, og språk:

    • Presentasjon av kunnskap som ein del av eit stort spekter av skriven materiale som fortel om opphavet til jorda, livet, menneskesamfunn (jordbruk og urbant liv), om imperier, og om moderne historie, alltid i sammenheng med slektskapen til livet.
    • Presentasjonen av eit formelt vitenskapelig språk innan zoologi, botanikk, antropologi, geografi, geologi, osb., gjer barnet tilgang til riktig, organisert informasjon som reflekterer barnets intelligens og interesser.
    • Bruken av tidslinjer, bildekart, og andre visuelle hjelpemidler gir eit lingvistisk og visuelt overblikk over dei første prinsippa i zoologi, antropologi, geografi, og geologi.
    • Matematikkpensumet er presentert med konkret materiell som samtidig avslører konsepta i aritmetikk, geometri og algebra.
Vaksne som er utdanna innan montessoripedagogikken er i stand til å integrere undervisning i alle fag, ikkje isolerte disipliner, men som ein del i ein heil intellektuell tradisjon. Vektlegginga av ein åpen utforskning og studie i dybden bruker også førstehands og annenhands kilder (bøker) i tillegg til anna materiell.

“Å gå ut” gjer skulen i stand til stadig å bruke ressurser i lokalsamfunnet som går ut over dei fire veggene i eit klasserom.


Kva skjer etter montessoriskulen?
Montessoribarn er uvanlig tilpasningsdyktige. Dei har lært å jobba individuelt og i grupper. Siden dei er blitt oppmuntra til å ta avgjerelser i ung alder, er disse barna problemløysarar som kan ta valg og disponra tida godt. Dei har også blitt oppmuntra til å diskutera sitt arbeid fritt med andre og gode kommunikasjonsferdigheter letter veien inn i nye omgivnader og forhold.

God kommunikasjon med andre skuler
For å hjelpe overgangen, må god kommunikasjon mellom montessoriskulen og dei tradisjonelle skulene bli vedlikeholdt. Montessoriforeldre og lærera kan besøka dei tradisjonelle skulene og forbereda barnet på det som vil bli annleis. Lærera fra tradisjonelle skuler kan oppfordras til å besøke montessoriklassene for å observera nivået i det akademiske arbeidet.
Ein kver god lærar vil møta eit barn på barnets eget nivå av utvikling og gjere dei nødvendige justeringar for det som allerede er lært. Det er viktig for foreldra å overvåka barnet sitt arbeid i den nye akademiske situasjonen og å halda nær kontakt med skulen. Foreldre og lærarar som jobber saman kan forsikra at barnet fortset å væra glad i å læra.

Læring for livet
Dei vaner og ferdigheter som eit barn tilegner seg i eit montessoriklasserom er gode for eit heilt liv. Dei vil hjelpa eleven til å jobba meir effektivt, observera meir nøyaktig og konsentrera seg bedre, uansett kva han/ho gjer. Om eleven er i eit stimulerande miljø, anten heime eller på skulen, vil sjølvlæringa – som er den einaste verkelege læring – fortsetja.
Den beste forutsetning for framtidig suksess er sjølvtillit. Montessori-programma, basert på sjølvdirigerte, ikkje-konkurrerande aktiviteter, hjelper barn å utvikla gode sjølvbileter og sjølvtillit til å møta utfordringar og forandringar med optimisme.

«Eg kan klare det!» – Fordeler med montessoriskulen
Småbarnsforeldre i vår tid ynskjer å føla seg trygge på at dei overlet sine barn til eit miljø som ivaretek alle akademiske, sosiale og følelsesmessige behov. Eit Montessorimiljø oppfyller alle desse behova, men det lærer i tillegg barna ein “eg kan klara det”-holdning, som øker sjansen for at dei skal lukkast på mange områder vidare i livet.

Telefon
Kontoret: 450 60 136
Rektor:    450 60 136
Styreleiar: 957 57 533

Email: 
kontor@skodvinskule.no
rektor@skodvinskule.no
styret@skodvinskule.no

Besøksadresse:
Skodvin Montessoriskule
Skodvinsvegen 1
5956 Hundvin

    Kontakt oss

    Hei. Her kan du skrive inn din henvendelse.
Send
Webdesign: Premiumweb
Powered by Create your own unique website with customizable templates.

Skodvin Montessoriskule
© Premiumweb.no