Ordensreglement

Vedtatt på styremøte 7/5-19 Tatt opp i lærarmøte og elevråd våren 19
Skulen har, i samarbeid med elevrådet, utarbeida ein elevstandard som skal gjelde for Skodvin Montessoriskule. Elevstandarden beskriv korleis vi ynskjer at alle skal oppføre seg for å vise kvarandre respekt og toleranse, og for å ta ansvar for miljøet på skulen. Elevstandarden skal bidra til å oppfylle skulen si målsetjing om eit arbeids- og læringsmiljø prega av ro, orden, respekt, fagleg fordjuping, trivsel og læringsglede.
Elevstandarden gjeld i alle situasjonar der skulen eller SFO har ansvar for elevane, samt på veg til og frå skulen. Den kan også ha gyldighet når skulen/SFO ikkje har ansvar for elevane, forutsatt at elevane sin oppførsel har tilstrekkeleg tilknytning til skulen, og handlingane har ein innverknad på andre elevar sin tryggleik og trivsel på skulen.
Elevstandarden og sanksjonar ved brot på denne utgjer til saman skulen sitt ordensreglement.
ELEVSTANDARD
Det er viktig med eit godt miljø på skulen, og alle vi på skulen vil samarbeide for å skape tryggleik og eit skulesamfunn prega av toleranse, kunnskap og lærelyst.
RESPEKT
ANSVAR
Ved brot på elevstandard skal skulen reagere i tråd med punkta under. Det vil alltid gjerast vurderingar i forhold til grad av alvor, og vi ynskjer eit tett samarbeid mellom foreldre og skulen for å rettleie elevene på en hensiktsmessig måte. Andre sanksjoner enn dei som kjem fram av dette reglementet kan ikkje brukast.
Skulen skal ha skriftleg melding dersom:
1.Eleven må ha fri frå skulen
2.Elvene er borte frå skulen, t.d. ved sjukdom
3.Eleven treng å vere inne i pausetida
4.Eleven treng fri frå kroppsøving
5.Eleven treng å ta medisinar på skulen
Permisjonsreglar
Søknad om permisjon for ein dag skal skrivast i melding på Its learning. Søknad om fri meir enn ein dag skal leverast skulen i eige brev.
Når det er forsvarleg kan skulen gje permisjon i inntil to veker. Det er dagleg leiar/rektor som fattar vedtak om permisjon. Føresette har ansvar for opplæringa i fråversperioden.
Dette reglementet skal gjerast kjent for elevar og føresette kvar haust.
Foreldre og føresette skriver under på at dei har gjort seg kjent med innhaldet i ordensreglementet.

- Eg tar omsyn og lyttar til mine medelevar og til dei vaksne.
- Eg tar vare på materiell og skulemiljøet, og ryddar etter meg.
- Eg snakkar høfleg og brukar ein venleg tone.
- Eg møter presis og førebudd.
- Eg er open for å samarbeide og er villig til å tilby hjelp.
- Eg bidrar til arbeidsro og tar omsyn til andre i arbeid.
- Eg slår av mobilen min og legg den i sekken når eg er på skulen/eller leverer den inn ved skulestart.
- Eg leverer inn mobilen når lærar ber meg om det.
- Eg aksepterer at alle er likeverdige sjølv om vi er forskjellege.
- Eg aksepterer (godtar/anerkjenner) medelevane sine tankar, meiningar og haldningar ved å vere open og nysgjerrig.
- Eg tolererer at vi et ulik mat, kler oss forskjelleg, har ulike interesser og lar vere å kommentere det.
- Eg tar kun bilete av medelever med tillating og er forsiktig med kva eg deler og kommenterer på sosiale mediar.
- Eg seier i frå når eg ser urettferdighet.
- Eg er inkluderande i leik og arbeid.
- Eg løyser konfliktar/usemje/problem fredeleg med ord.
ANSVAR
- Eg tar ansvar for å ta imot læring, er open og deltakande og har ei positiv innstilling til å lære og arbeide.
- Eg jobbar sjølvstendig og gjer mitt beste for å samarbeide godt med medelever.
- Eg bruker skulen sitt datautstyr kun til skulearbeid.
- Eg passar på å ete sunt og har ikkje med meg helsefarlige stoffer og farlege gjenstandar på skulen.
- Eg tar ansvar for mine eigne og viser omsyn til andre sine eigendelar.
- Eg er eit godt førebilete og tar ansvar for mine eigne handlingar.
Ved brot på elevstandard skal skulen reagere i tråd med punkta under. Det vil alltid gjerast vurderingar i forhold til grad av alvor, og vi ynskjer eit tett samarbeid mellom foreldre og skulen for å rettleie elevene på en hensiktsmessig måte. Andre sanksjoner enn dei som kjem fram av dette reglementet kan ikkje brukast.
- Munnleg/skriftleg samtale/åtvaring frå lærer/kontaktlærar.
- Munnleg/skriftleg samtale/åtvaring frå rektor eller stadfortredar
- Kontakt med heimen og involvering av føresette.
- Ved mistanke om/avdekking av krenkande handlingar som utestenging, mobbing, vald, trakassering, rasisme eller diskriminering, iverkset ein tiltak i henhald til skulen sin plan for å sikre elevane eit trygt og inkluderande miljø.
- Ved misbruk av mobiltelefon beslagleggast denne og utleverast til foreldre etter skuletid.
- Ulovlege og farlege gjenstandar blir beslaglagt og leverast føresette etter avtale.
- Pålegg om å utføre oppgåver for å rette opp skade som eleven/-e har påført skulen sin eigendom eller eigendelar.
- Skade eller hærverk på skolens eigedom og/eller utstyr, kan medføre erstatningsansvar for eleven/føresette etter skadeerstatningsloven § 1.1. og 1-2. Inntil 5000,-
- I alvorlige tilfelle eller gjentatte brot på skulen sin elevstandard, som for til dømes bruk av vald, særleg provoserande åtferd eller andre brot på elevstandarden, kan rektor vurdere å utvise eleven etter friskulelova § 3-10.
- Elevar på 1. – 7. trinn kan utvisast for ein enkelttime eller resten av dagen. Lærarane har myndighet til å bortvise elevar for maksimalt to timar. Føresette skal varslast før ein elev på barnetrinnet utvisast for resten av dagen. Skolen sørgjer for tilstrekkeleg tilsyn med bortvist elev.
- Ein elev kan midlertidig eller permanent bli overført til ei anna gruppe dersom omsynet til eleven sjølv og/eller dei andre elevane tilseier det. Det må i så fall liggje føre alvorlege brot på elevstandarden, og andre tiltak må ha vore forsøkt.
- Ein elev kan i spesielt alvorlege tilfelle flyttast til ein offentleg skule dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det, jf. friskulelova § 3-3. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan for eksempel vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Det er heimkommunen som fattar vedtak om flytting av ein elev.
- Skulen vil normalt melde straffbare forhold til politiet (tyveri etc.).
- Fysisk refsing, kollektiv avstraffing eller andre krenkande handlingar er ikkje tillate. Før det blir tatt avgjersle om refsing, blant anna om bortvising eller tap av rettigheter, skal eleven ha anledning til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjersla.