Slik behandlar vi opplysningar om elevar og føresette
Dette gjer vi: • Skodvin Montessoriskule arbeider seriøst og nøyaktig for at personlege opplysningar knytta til elevar ikkje skal kome på avveier eller bli misbrukt. • Rektor er ansvarleg for at desse opplysningane vert brukt riktig og vert oppbevart på ein trygg måte. • Dei opplysningane som vi har fått, bruker vi berre slik lovar og reglar seier at vi skal gjere. • Alle tilsette veit at opplysningane berre skal brukast til det som er nødvendig for å drive skule. • Vi deler opplysningane berre med dei som norsk lov seier vi skal dele dei med. • Viss nokon andre spør om å få opplysningar, svarar vi at vi berre kan dele opplysningar når den det gjeld, har gjeve tillatelse til dette.
Dette er dei opplysningane som vi har og som vi brukar: • Namn på alle elevar og deira foreldre eller føresette med adresse, elevens fødselsnummer, telefonnummer og e-postadresse. • Andre opplysningar som er nødvendig for at vi skal kunne halde kontakt med foreldre eller føresette på riktig måte. • Opplysningar som vi har fått gjennom samarbeidet mellom skule og heim. • Opplysningar om skulearbeidet til ein elev, f.eks vurderingar, prøvar, fråvér etc. • Nokre gonger har vi opplysningar om elevar si helse, t.d. om allergiar. • Spesielle opplysningar som t.d. skyss for enkelte elevar, spesialundervisning mm. • Informasjon i datasystemet om elevar si pålogging. • Bilde
Slik oppbevarar vi opplysningane: • Elevvurderingar og opplysningar om fråvér lagrast i spesielle systemer for å sikre at opplysningane ikkje kjem på avveiar. • Når skulen mottar brev eller informasjon med personlege opplysningar om eleven, er vi spesielt nøye med at ingen får vite kva som står i brevet, unntatt den eller dei av lærarane som treng å vite om innhaldet for å kunne gje god undervisning. • Dei opplysningane som det er viktig at berre nokre få på skulen veit noko om, held vi nedlåst i skuffer eller skåp når opplysningane står på eit papir. Slike opplysningar kan også finnast i datasystemet, men då er dei lagra slik at ein må ha eit passord for å få tak i dei. Det passordet gjer rektor berre til dei som må ha desse opplysningane for å kunne gje riktig hjelp til eleven. • Vi har databehandlaravtalar med dei som behandlar personopplysningar for oss. •Vi har sikkerhetsprogram på alle datamaskinar og blir varsla ved eventuelle truslar. • Vi har ein avtale med et datafirma som sørgjer for at ingen kan bryte seg inn i datasystemet vårt. • Vi ber om samtykke fra elevar og deira føresette før vi tar, oppbevarar eller publiserer bilde.
Så lenge tar vi vare på personlege opplysningar: • Vedtak om skyss tar skulen vare på berre det året vedtaket gjeld. Andre dokument om ein elev, f.eks vedtak om spesialundervisning, individuelle opplæringsplaner mm tar me vare på så lenge skulen har bruk for dokumenta. Deretter blir dei makulert. • Når ein elev sluttar ved skolen, tar vi vare på namn og adresse slik at me kan ta kontakt om myndighetene ber oss om å gjere det. Ellers vil vi berre bruke denne adressen når eleven/føresette har gitt oss tillatelse til å sende brev. Eleven/føresette kan trekke denne tillatelse tilbake.
Om du som les dette, vil vite kva opplysningar skulen har lagra om deg, kan du ta kontakt med skulen, så vil vi fortelje deg det. Det er jo dine opplysningar det handlar om!