Skodvin Montessoriskule skal drive SFO så framt det er grunnlag for dette. Åpningstider vil vere frå klokka 07.30 til skulestart og frå skuleslutt til klokka 16.30. SFO betaling vil kome i tillegg til elevbetalinga. Søknadsfrist for SFO skuleåret er 1.april kvart år. SFO følgjer skuleruta. Ved behov for SFO i ferie, kan ein søkje plass ved Lindås barneskule. Ta kontakt med rektor ved Lindås barneskule for info/søknadskjema. SFO-satsar 2020/21 (pr månad sept-juni) Morgon+Ettermiddag: 2300,- Morgon (07:30-08:30): 1050,- Ettermiddag (14:30-16:30) 1600,- Matpengar er inkludert. Enkelttimar etter avtale for 100,- pr påbegynte time. Tilbodet gjeld for 1.-7.klasse. For sein henting medfører ekstra fakturering på kr 300 pr påbegynte halvtime. Oppseiing av SFO-plass Oppseiing av plass må skje skriftleg med ein månads varsel gjeldande frå den 1. i påfølgande månad. |