Velkommen til Skodvin Montessoriskule
Skulen starta opp hausten 2015 og er no inne i sitt tredje år.
Elevtal
Skuleåret 2017/18 er 69 elevar på skulen.
Elevane er delt inn i to grupper for 1-4. årstrinn, ei gruppe med 5-7 årstrinn.
Lærarar og assistentar
Det er 8 lærarar ved skulen i tillegg til rektor, samt 8 assistentar.
Timeplan og utetid
Skodvin Montessoriskule er ein heildagskule med skulestart kl. 08:30 og skuleslutt kl. 14:30 kvar dag for alle årstrinn.
Skuledagen er delt inn i 2 lengre arbeidsøkter, med eit lengre avbrekk for ein halv times lunch og ein time utetid midt på dagen. Det er viktig at alle har med gode utekle (med god merking).
It´s learning
Vi brukar its learning som læringsplattform og alle elevar og foreldre har eige passord og brukarnamn. Om du ikkje får det til er det berre å ringe skulen, så hjelper vi deg!
Symjeundervisning
Symjeundervisning vil foregå på Nordhordland Folkehøgskule (Frekhaug) onsdagar fordelt på dei ulike trinna.
Træland gard
Skodvin Montessoriskule vil fortsette med samarbeid med Træland gard.
Tilbodet vil gjelde 5.-7. årstrinn. Denne gruppa vil bli delt i 3 og så rullerer gruppene på å vere utplassert på Træland gard på torsdagar gjennom året. Her vil elevane få vere med i det daglege arbeidet på ein gard og oppleve mykje spennande.
http://www.skodvinskule.no/traeligland-gard.html
Bokbuss
Det vert bokbuss torsdagar i partalsveker.
Skulemelk og lunch
Skulen legg til rette for kjøp av skulemelk til den enkelte elev. Dette må dei føresette sjølve bestille på nett.
http://www.skodvinskule.no/skulemjoslashlk.html
Drikke til lunch utover eventuell skulemelk vil vere vatn. Felles lunch inngår i skulepengane.
Skuleskyss
Det vert søkt om skuleskyss innanfor Lindås kommune til alle elevar som har krav på dette. Elevar med særskilte behov må ha legerklæring i eige skjema, som må leversast til skulen når ein søkjer. Info finn de her:https://www.hordaland.no/nn-NO/vegogtransport/skyss/skuleskyss/
Merk at det er skuleskyss til og frå skule, og ikkje skuleskyss til og frå SFO.
SFO
Vi fylgjer skuleruta til Lindås kommune.
Åpningstider SFO: Morgon 07:30-08:30 Ettermiddag 14:30-16:30.
Vel møtt til Skodvin Montessoriskule!
Helsing
Monica Thomassen Waage
Rektor
Spørsmål kan rettast til Monica Thomassen Waage: monicathwaage@gmail.com