Montessoripedagogikken

Kva kjenneteiknar ein montessoriskule?


Besøkjer du en Montessoriklasse i grunnskulen møter du eit miljø som er tilrettelagt for borna med eit stort utval av arbeidsmateriale på hyller i barnevenleg høgde.

Born i ulike alderar som alle arbeider med noko, åleine, to og to eller i gruppe. Ved arbeidsbord eller på golvet etter eige val.

Fridomen til å handle sjølvstendig på eige initiativ inneber at borna kan velgje tema og arbeidsmetode i eit fag, og at elevane kan jobbe over ei lengre arbeidsøkt utan å verta avbrotne. Følelsen av å lukkast i noko ein sjølv har valgt gjev arbeidsglede og oppmuntring.

Litt mer om oss

Individuell opplæring

Maria Montessori ser på kvart barn som eit unikt individ. Difor er omgivnadane tilrettelagde for å møta deira interesser og behov ved individuell rettleiing. Grunntanken er at eitkvart born skal få utvikla seg i si eiga takt og veksa etter eigne anlegg. Eleven har fridom til å velgja eigne oppgaver innanfor eit strukturert pensum.

Kva betyr det for foreldra?

Føresette sitt engasjement er viktig for montessoriskulen. Me trur at eit sterkt felleskap mellom skule og heim er essensielt som eit solid fundament for bornet.

Tilfredshet

Det  å byggja bornet sitt sjølvbilete står sentralt i eit montessorimiljø.

Lang erfaring tilseier at metoden bidreg til harmoni, konsentrasjon, sjølvdisiplin, sjølvstende, så vel som kunnskap.

Heilhet / Tverrfaglig

Skulen er ikkje delt inn i timar eller enkeltfag. Universet er ikkje delt inn i fag, alt som er rundt oss lever i et gjensidig avhengighetsforhold.

Montessori meinte at me må presentere borna for denne heilheta. Heilheta inspirerer borna til å studere detaljene som igjen fører til ei større forståing, for heilheta og sammenhengar.

Kva betyr montessoriskulen for barnet?


Barnet i sentrum
Montessori-pedagogikken er opptatt av å utvikla og utdanna heile bornet sitt potensiale:

  • fysisk
  • intellektuelt
  • åndeleg
  • sosialt og emosjonelt

Typiske, ofte sjølvsagte, grunnreglar som blir fulgt i dei fleste montessoriklasserom:

Grunnreglane beskytter rettighetane og friheita for kvert individuelle barn og for gruppa som heilhet. Reglane fremjer “skulevenleg oppførsel” og verdier som inkluderer, egenkontroll av impulser, omtanke for andre, og ei oppleving av ansvar både for seg sjølv og for at gruppa skal ha det bra. Reglane kan bidra til å gjere skuledagen lettare, få dagane til å fungere betre, læra barna å være mer sjølvstendige, og bidrar til å utvikle ansvarsfølelse. Antallet grunnreglar vert ofte begrensa til eit minimum, vert framlagt på ein positivmåte der trygghet, respekt for andre og miljøet blir vektlagt, og gevinsten av å følge reglene tilfaller alle i gruppa.

 

    • Barnet kan bruke materialet så lenge det vil, så lenge det behandler det med respekt.

    • Etter at materialet er brukt, skal barnet legge det tilbake på den rette plassen i hylla, i samme stand som når det vart henta, slik at det er klart til bruk for nestemann.

    • Barnet skal sjølv ordne opp i miljøet, rydde opp søl og rot, legge puter på plass, setje å plass stoler osv. etter kver aktivitet.

    • Barnet har lov til å arbeide aleine, ingen skal tvingast til å dele materialer med andre når dei først har valgt det dei vil arbeida med.

    • Barnet har rett til å velge å ikkje halde å med materialer eller aktiviteter.

    • Barn fra tre årskull i eit klasserom, eldre barn hjelper dei yngre, gjer følelse av samhold, byggjer opp sjølvaktelsen.

    • Sjølvkorrigerande materialer i klasserommet, barna lærer gjennom sine egne feil å ta dei riktige valga, i staden for at læraren må påpeike dette overfor barna.

    • Individuell læring foregår innanfor miljøet, montessori anerkjenner at barn lærer i ulikt tempo og lar denne veksten skje.

    • Barna er rolige ut ifra eige ynskje om å visa respekt for dei andre i miljøet, montessori klasserommet lar barn trekkje seg inn i sin “indre ro” som er ein naturlig del av deira personlighet.

    • Det vert lagt vekt på praktisk læring heller enn abstrakt læring, barn har behov for å erfara konsept i konkrete “ta på med hendene” -måter.

    • Det er eit miljø som set barnet i sentrum. Alle materiala er lett tilgjengelige for barna, plassert på hyller tilpassa deira høgde. Møbla er tilpassa slik at barn kan sitja behagelig og utsmykning og bilete er plassert i barnas synshøyde.

    • Barn arbeider ut fra gleda ved å arbeida og opplevinga av oppdaging – barn er naturlige ledarar eller “svamper” og fryder seg over å læra nye oppgaver. Deira interesse ligg heller i sjølve arbeidet enn i sluttproduktet.

    • Miljøet gjer ein naturlig sans for disiplin, “grunnreglane” eller forventningane retta mot barnet er klart uttrykt og blir håndheva både av barna og lærarane.

    • Miljøet er tilrettelagt for barna, alt i rommet har ein fast plass på ei hylle. Barn har ein naturlig ordenssans. Det at romma er tilrettelagt på denne måten, tillet barnet å veksa på ein positiv måte.

    • Læraren har ei lite påtrengande rolle i klasserommet, elevane vert ikkje motivert gjennom læraren, men gjennom trangen til sjølvutvikling.

Andre felles grunnregler blir laga for å sikre trygg bruk av spesielt materiell, når ei gruppe er på utflukt eller når ein oppheldt seg på områder under tilsyn.